Gravitasjonell frekvensforskyving

Gravitasjonell raudforskyving av ei lysbølgje som flyttar seg mot eit gravitasjonsfelt (produsert av den gule stjerna under).

Gravitasjonell frekvensforskyving, gravitasjonell raudforskyving eller Einstein-forskyving er prosessen der elektromagnetisk stråling frå ei kjelde i eit gravitasjonsfelt får redusert frekvens, eller vert raudforskyvd, når strålinga vert observert frå eit svakare gravitasjonsfelt. Dette er eit direkte resultat av gravitasjonsell tidsforlenging. Når ein flyttar seg bort frå ei kjelde til eit gravitasjonsfelt, aukar tida som går relativt til tida som er nær kjelda. Sidan frekvensen er invers av tid (tida det tar for å fullføre ei bølgjesvinging), vert frekvensen i elektromagnetisk stråling redusert i eit område med høgare gravitasjonspotensial (altså svakare gravitasjonsfelt). Det finst ein samsvarande reduksjon i energi når den elektromagnetiske strålinga vert raudforskyvd, som gjeve av Planckforholdet, fordi elektromagnetisk strålinga forplantar seg mot ein gravitasjonsgradient. Det finst òg ei samsvarande blåforskyving, når elektromagnetisk stråling forplantar seg frå eit område med svakt gravitasjonsfelt til eit område med sterkare gravitasjonsfelt.

Når prosessen skjer med synleg lys, vil ein sjå at bølgjelengda til lys vert forskyvd mot den raude delen av lysspekteret.


Developed by StudentB